torsdag 31. mars 2011

Tekstar om kjærleik

 
Korleis er det å vere forelska? Kva er ekte kjærleik? Har du lese bøker, sett filmar eller høyrt songar om kjærleik som har gjort inntrykk på deg?

Til Dei nynorske festspela 2011 skal det lagast ei utstilling om kjærleik i ungdomslitteraturen. Gjennom utstillinga kjem vi til å fortelje om korleis forelsking og kjærleik blir framstilt i bøker. For å vise kva ungdommar sjølve tenkjer om kjærleik og forelsking, treng vi hjelp frå deg! Del di kjærleiksoppleving frå bøker, filmar eller songar i kommentarfeltet på denne bloggen.

Du treng ikkje skrive fullt namn under kommentaren du skriv inn, men send ein e-post med fullt namn og adresse til  kjersti.markegardbae@aasentunet.no. Då er du med i trekkinga av ein Aasen-boksar.

12 kommentarer:

  1. Det skjedde i sommarferien i fjor. Vi var ute heile tida. Ein dag møtte Anna ein kjempe søt gut. Ho vart skikkelig betatt av han med ein gong. Seinare møtte også Ida den same guten utan å vite at Anna hadde møtt han først. Ho syns også at han virka veldig kul. Dei haldt på med han heile ferien begge to, utan å vite om kvarandre. For kvar gong dei skulle fortelje om han var de eitt eller anna som gjor at dei aldri slapp til, og dei skjønte ikkje at det var den same. Ein dag, heilt på slutten av ferien, kom Ida på besøk til Anna medan guten, Marius, var der. Ho fekk sjokk, og spurte kva han gjor der. Han klarte ikkje å forklare seg, men Anna og Ida skjønte kva som hadde hendt. Dei hadde møtt same guten begge to, og dei hadde vorte forelska i han. Når dei forsto kva han hadde gjort mot dei, slo dei opp med han, og dei møtte han aldri igjen…

    SvarSlett
  2. Benjamin Mpumelelo Mpanza Lindalen8. april 2011 kl. 14:41

    E-mail: Benjaminmpanza@hotmail.com

    Det å være forelska er når du elskar nokon med heeile ditt hjarte, og du klarer avogtil ikkje slutte å tenke på den personen.
    Da kan du ofte føle eit hjarteklapp.
    Ekte kjærleik er når du elsker nokon av heile ditt hjarte og føler du liker den personen veldig høgt. og ikkje berre på grunn av utseende men også personligheit.

    SvarSlett
  3. Det var no for ikkje så veldig lenge sida. Eg fekk ein underlig følelse i min mage. Det kilte i heile kroppen. Eg visst ikkje kva eg skulle gjere. Eg blei varm og svett i hendene. Hjartet mitt hoppa over eitt par slag. Eg kjende slevet kome ut av munnen. Han kom inn i rommet, eg vart stiv som en... STOKK! Og det vart frysningar i heile kroppen min, fra tå til topp. Eg såg vekk og lata som ingen ting hadde skjedd. Men då kom han bort åt meg. Og eg trudde han skulle snakke til meg, men han gjekk rett forbi, og det var jenta bak meg han skulle ha tak i.

    SvarSlett
  4. Eg var forelska i ei jente ein gong. Vi holdt på ei god stund, men etter kvart så viste det seg at ho ikkje var den rette likavell. Eg var knust, eg hadde mista allt som heite HÅP. Etter 2 månadar såg eg ei jente, og eg fekk betre og betre kontakt med ho. Ho var ein guts drøm, ho kunne vere ein potensiell kjæreste i nærmaste framtid og etter ein stund fekk eg følelsar for ho, og ho hadde tydeligvis fått følelsar for meg og. Etter nokre få dagar blei vi ilag og det er vi enno! Poenget er; Aldri gi opp kjærleiken, for den som gjer det, er dom. Det er alltid nokon der ute som likar deg for akkurat den du er! Og aldri mist håpet, sjølv i dei mørkaste tider. For ein dag, vil ein person komme inn i kvardagen din og bringe lys og lykke over deg <3

    SvarSlett
  5. kjærleik er som ost.. ein kan ikkje få nok av det <3

    SvarSlett
  6. <3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3Ivar<3Aasen<3Boxer<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3<3Tommy. vassendenskule!. ;*

    SvarSlett
  7. å vere forelska er som tippe lotto, vinnersjangsen er liten, men spelegleden er stor!

    SvarSlett
  8. eg forelska meg i går, eg fekk kjøtt på ankelen og sprang til eg pusta ut co2

    SvarSlett
  9. Det finst tre ting som ikkje kan skjulast: Kjærleik, røyk og ein mann som rir på ein kamel.

    SvarSlett
  10. Forelsking er som eit liv, det kan vere langt eller kort, men det varer aldri evig.

    SvarSlett
  11. Kjærleik er at du er så glad i nokon at du ikkje bryr deg om personen sine feil

    SvarSlett
  12. Kjærleiken opnar alle cellane våre, slik at dei slepper inn alle dei sterke kjenslene, luktene, fargane og musikken som omgjev oss.
    Aldri er cellane sterkare enn når vi elskar nokon med heile oss.
    Når vi elskar er vi sterkare enn 10 oksar og mjukare enn 100 kvelpar.
    Vi lever i vona om at den vi elskar, elskar oss attende, om ikkje evig, så om mogleg til vi døyr.

    SvarSlett